Fysioterapeut med driftstilskot
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Haram kommune har ledig 100 % driftsavtale for fysioterapeut frå 01.10.2026.
Den ledige heimelen er knytt til Brattvåg Fysikalske Institutt AS. Det søkes etter autorisert fysioterapeut med allmenn fysioterapi kompetanse.
Instituttet har totalt tre 100 % driftsavtalar og kontormedarbeidar i 87 % stilling. Driftsavtalen skal utøvast frå instituttet sine lokale i Strandgata 26, 6270 Brattvåg, samt frå leigde lokale på Haramsøy. Avdelinga på Haramsøy er open 2–3 dagar per veke, og tiltredande fysioterapeut vil inngå i gjeldande turnusordning for å dekke tilbodet der.
Brattvåg Fysikalske Institutt har god pasienttilgang, separate behandlingsrom, resepsjon og godt utstyrte treningsrom. Instituttet nyttar medisinsk treningsterapi og Record slyngetrening.
Tiltredande fysioterapeut forpliktar seg til å drive verksemda i samsvar med ei kvar tid gjeldande ASA 4313, og tiltreding og eventuell overdraging vil skje i tråd med vilkåra som fremgår av ASA 4313. Det vert forventa at aktuelle kandidatar set seg godt inn i dei driftsmessige forholda ved instituttet. Nærare opplysningar kan ein få ved å ta kontakt med Brattvåg Fysikalske Institutt AS. Det er forpliktelser jfr ASA 4313 pkt 7 i forbindelse med overdragelse av avtalen.
Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før oppstart, i samsvar med gjeldande regelverk.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som tilbyr gode og heilskaplege tenester. Vi legg vekt på å spele kvarandre gode, jobbe på tvers av fagområde og skape verdiar for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å sikre høg kvalitet og god behandling for kvar enkelt som søkjer tenester.
Søknadsfrist 07. juni 2026





